
Torsdag
12
Juni
kl. 12:00 - 15:00
Plassen
Arr: Vestre Slidre kommune
Informasjonsmøte: Di framtid – di helse! kl 12-15
Har du høyrt om framtidas velferdsteknologi? Vel, den er allereie på veg til deg! Kvar dag skjer det store fremskritt innan helse og omsorg, og det er ikkje berre noko som er for dei aller yngste – det gjeld også oss som blir eldre.Vestre Slidre er i ferd med å ta i bruk fleire digitale hjelpemiddel som del av tenestetilbodet for alle som blir gamle her. Ja, du høyrer riktig, også du!
Difor vil vi gjerne invitere deg til informasjonsmøte der vi tar ein kikk på utviklinga innan helse og omsorg, og viser korleis teknologi kan vere ein god venn i kvardagen. Det blir spenning, nyttig informasjon og sjølvsagt ein god dose humor.
Det blir arrangert to like informasjonsmøter torsdag 12. juni
Hva kan du forvente?
Her er noko av det vi skal prate om:
Velferdsteknologi: Den digitale framtida er no – og vi skal vise deg korleis den kan gjere livet litt enklare!
- Gode råd frå Valdres brann og redningstjeneste IKS: For sikkerheita di – tips som kan redde liv.
- Kva stønadsmoglegheiter finnes for tilpassing av bustad i Noreg?
- Bli kjent med digitale løysingar du kan bruke heime.
- Forebyggande heimebesøk – kva er det?
- Og sjølvsagt – kaffi og kake er på plass! Så ta turen, det er gratis og uforpliktande. Vi gler oss til å møte deg!
Vel møtt!!!
Helsing Ann Cathrin og Ellen