SUMARAKTIVITET med barne- og ungdomslos. Obs! påmelding innen måndag denne uka
I år som i fjor ynskjer barne- og ungdomslos Berit velkomen til sumaraktivitet på skulen sitt område enkelte dagar i sumarferien.Tilbodet er gratis og målet er å ha ein stad å samlast, møte vener, «henge» og vere saman i ein sumarferie som for nokre kan bli litt lang!
Sumaraktivitetar med barne- og ungdomslos er for alle barn frå 1. - 7. klasse.
KVAR: Vi møtast alltid utanfor hovudinngangen til skulen, og går samla til aktivitet.
KVA: Aktivitet kan variere ut frå tal påmelde / ver o.l., men døme kan vere slåball, stikkball, fotball, sykling, måling, gjemsel, leik i tarzan, vassballongkrig o.l.
NÅR: Kl. 11:00 – 14:00
Påmelding
For å kunne planleggje best mogleg m.h.t. aktivitet og leik må du melde på barnet ditt til meg på e-post seinast måndagen i den veka de ønskjer å delta. Når de melder på barnet dykkar får eg også dykkar kontaktinformasjon som gjer at eg enklare kan dele relevant informasjon med dykk.
E-post: berit.irene.langseth.boen@vestre-slidre.kommune.no