Bu trygt heime lengst mogleg
Besøk ei visningsleilighet og møte fagpersonar frå kommunen.Kulturskulen bidrar med musikalske innslag.
Kantina på Helsetunet held ope under arrangementet. Her kan du kjøpe noko å ete og drikke.
Det er gratis og ope for alle
SJÅ OG PRØV
• Velferdsteknologi: Medisindispenser og tryggleiksalarm.
• Hjelpemiddel i heimen: Sjå eksemplar på hjelpemiddel som kan gjere daglege gjeremål enklare og bidra til auka
sjølvstende.
• Fallførebyggjande løysingar: Lær meir om korleis små tilpassingar i heimen kan redusere risikoen for fall.
• Brannførebyggjande tiltak: Få informasjon om enkle og effektive tiltak som kan auke branntryggleiken i
heimen.
• Høyrselsforbundet: Informasjon om nedsett høyrsel og høyreapparat.
MØT FAGPERSONAR FRÅ KOMMUNEN
Representantar frå ulike tenester i kommunen vil vere til stades begge dagane.
Du kan få råd om hjelpemiddel, tilrettelegging, førebyggjande tilbod og korleis du kan bu trygt heime lengst mogleg.
Små tiltak kan gjere ein stor forskjell • Trygg heime – heile livet